Påske på bymisjonssenteret

Palmesøndag reid Jesus inn i Jerusalem, som han pleier. På skjærtorsdag et han sitt siste måltid med vennene, som han pleier. På langfredagen kjem han til å dø, som han pleier. Forhåpentlegvis kjem det også ein påskedag, då kvinnene fann steinen framfor grava rulla bort og grava tom.

Nokre forteljingar er så store at vi ikkje berre høyrer dei, vi blir dratt inn i dei, påske etter påske. Derfor gjer vi påske på bymisjonssenteret. Saman med alle som vil vaskar vi føter og hender, bryt vi brød, følgjer krossen og malar påskeegg.

Onsdagskvelden dekker vi langbord i kyrkjerommet og to og to går rundt med vaskefat fylt med lavendelsduftande vatn. Gjestene legg hendene ned i fatet, og ein medhjelpar tørkar dei med mjukt handkle. Så et vi lammegryte i stillheit, akkompagnert av meditativ musikk. Mot slutten av måltidet gir gjestene ein brødbit til sidekvinna/mannen og presten kjem rundt med vin.

Frå Jesu måltidsvanar veit vi at han delte koppar og ausekar med framande kvinner og utstøytte. I vår skjærtorsdagsfeiring er dette vi vil gjere, frå portrom og gater inviterer vi til   gjestebud.

Og så er det korsvandringa. Korsvandring er ein gamal tradisjon der vi stoppar ved stader som liknar de Jesus stoppa ved på sin vei mot døden på korset. Vi startar ved Oslo S. Deretter stoppar vi på forskjellige «signalstader» og les frå lidelseshistorien, f.eks. ved Stortinget. Jesus lir saman med dagens lidande menneske.

Ytterleggåande lære vil seie at Gud krev Jesu korsdød for i det heile tatt å kunne elske. Det gjer Gud til ein blodtørstig gud. Det er viktig å ta avstand frå sånne førestillingar.

Krossen er konkret. Krossen er, og har vore, brutalt nærværande i folks kvardag som torturinstrument og eit politisk maktmiddel. Kyrkja har gjennom tidene forkynt krossen som noko den nedtyngde berre må finne seg i, halde ut med og tole.

For å løfte fram krossen må vi sjå han. Og for å sjå han skal vi bruke øyro, og augo og kjensler. Måten vi i Tøyenkirka vel å bruke krossen på, kan ein utleie følgjande teologi av:

Krossen er stor og tung og fleire folk byter på å bere han gjennom gatene i Oslo. Eg erfarer at krossen gjennom gatene  bind byen og krossen saman:  Byen vert tolka i lys av krossen og krossen i lys av byen. Kva seier lidelsesforteljinga om denne staden og kva seier denne staden, Stortinget, Teateret, Plata, Avisredaksjonen, Tinghuset om krossen? Det er kristen tru at Gud handlar i historia – at Gud er i historia – i vår historie. I vår tid. At Gud er synleg i andleta til fattige, undertrykte lidande menneske. Dei ber Guds andletsdrag.

Korsvandringa rundar av med den tradisjonssrike langfredagskonserten i Trefoldigheitskirka. I snart ti år har Ivar Andresen og Carl Petter Opsahl spela seg gjennom Jesu lidelseshistorie med kjente New Orleans salmar som «In the Garden,» «At The Old Rugged Cross» og «Blood and Tears.»

Lørdag, søndag og mandag er det ByFrokost. Og påskemorgon er den store eggdagen. Gjennom det harde skalet, grava, bryt Kristi liv fram. Sannsynlegvis er det egget, eller kyllingen som kjem ut av egget, som har gitt påsken den gule fargen. I Aust-Europa er eggemåling er ein stor kunstart, og gjestene på ByFrokost vi vil male egg og henge opp kunstverka på treet i kyrkjerommet: Paste Fericit! Bona paschua per tutii! Wesotych swiat! Easter wanaagsan! Preettige paasdagen! Kellenes huveti! Fred på jord!

Kari Veiteberg,  bymisjonsprest i Tøyenkirka

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *